Tradisjonsmusikk i utradisjonell innpakning

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Albumet si framside

Tradisjonsmusikk i utradisjonell innpakning er meldinga av plata Ferd skriven av Bjarne Tveiten. Den stod i Setesdølen nr. 91, 2017 og Bjarne Tveiten har gitt henne til Setesdalswiki for digital publisering her:

«Ferd» presenterer ein kikk inn i eit tre år langt forskingsprosjekt der musikarar og kunstnarar rundt om i verda har engasjert seg i musikalske dialogar med tradisjonell musikk frå Setesdal.» Slik står det å lese på CD-omslaget (på engelsk), og eg skal utdjupe det noko lite.

Professorane Bjørn Ole Rasch og Ingolv Haaland ved UIA inviterte Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke, Gunnar Stubseid og Hallvard Bjørgum til ein studiodag med laus snipp. Der song/spela dei inn relativt korte stev, folkeviser og slåttar frå Setesdal. Nokre døme: «Fanten», «Håvår Heddi», «Bånsullar» og «Sordølen». Desse blei så distribuert til folkemusikarar i 18 land. Eit par eksempel her og: India, Tyskland, Kina, Nepal og Jordan.

Til saman 52 folkemusikarar frå dei 18 landa – inkludert Noreg – fekk arbeide ganske fritt med opptaka – men med å bruke tradisjonelle instrument og songtradisjon frå sitt område. Rasch reiste til mange land, og fekk spela inn dei «musikalske dialogane». Med andre ord, det var berre unntaksvis at deltakarane møttest andlet til andlet. Resultat blei CD-en «Ferd» med 12 spor som til saman fyller vel 50 minutt.

Så langt er det greitt. Når eg no skal skrive noko om det musikalske resultatet, blir det verre. Musikkfagleg har eg ikkje den kompetansen eg burde ha hatt. Eg har bruka ganske mange timar dei siste dagane – spela CD-en om att og om att – enkelte spor meir enn andre. Som eg signaliserer alt i overskrifta, dette er musikk med røter i Setesdal presentert på ein måte i alle fall eg ikkje har vore i nærleiken av før.

Etter kvart gjekk ein del enkle fakta opp for meg. Musikarar som ikkje forstår kvarandre språkleg, har få eller ingen problem musikalsk. Dei grip til dømes fatt i rytme- og taktmønstra til Kirsten, Gunnar, Hallvard og Sigurd – og endrar dei. Iblant til noko enklare, men oftast til noko meir intrikat – ikkje sjeldan ganske heftig og intenst. Eg hadde ein liten prat med Kirsten for nokre dagar sidan, og ho var svært klår – det er eitt eller anna i botnen når det gjeld folkemusikk og folkemusikarar – dei «les» kvarande sjølv om orda er aldri så uforståelege.

Dette skal ikkje bli langt. Og, så det er sagt, det er skrive meir frå hjarta enn hjernen. Timane med CD-en «Ferd» har, på ein måte, vore ei reise. Ei reise inn i ei verd. Inn i ei verd der musikarar frå 18 land – eg veit ikkje om eg tor å skrive det, men skitt au – småpratar saman med noter, takt, rytme og instrument.

Ein ting er heilt sikkert, «Ferd» er ein CD eg kjem til å spele ganske ofte – og lenge,