Torvald Moseid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torvald Moseid
Født: 14. august 1917
Død: 13. januar 2000 (82 år)

Torvald Kildal Moseid, (fødd 4. august 1917Byglandsfjord, død 13. januar 2000 i Oslo) var ein kunstnar som særlig er kjent for sine svært lange broderte verk. Frisen De fire årstider, som han laga frå 1965 til 1977 er 62 meter lang. Eit anna stort verk er Draumkvedet, fullført i 1993 er 55 meter langt.

Biografi[rediger]

Torvald Moseid var den yngste i en søskenflokk på åtte barn etter foreldrene Tellef O. Moseid og Mari Moseid, fødd Kildal. Han prøvde seg i flere jobbar på heimplassen, men viste alt i ung alder stor dugleik i teikning. På oppfordring søkte han Statens håndverks- og kunstindustriskole og fekk plass der våren 1940. På grunn av andre verdenskrig vart studiene amputerte, men våren 1943 vart han teken opp på Statens kunstakademi. Også der vart studiene hindra av krigen.

I 1945 var han i eit halvt år hospitant ved Marie Gudme Leths stofftrykkverkstad i København. Så fekk han jobb som assistent ved teiknekontoret til Christiania Glasmagasin før han vart hospitant ved Den kongelige Porcelainsfabrik i København igjen. Han hadde også oppdrag for Magnor Glassverk.

I 1949 gifta Torvald Moseid seg med pianisten og klaverpedagogen Ingebjørg Christensen (1916–2001). Paret budde sidan i Oslo. I 1996 fekk han Kongens Fortenstmedalje i gull for kunstnerisk verksemd.

Inspirasjon[rediger]

Moseid fekk inspirasjon frå mange studiereiser både i Europa og Asia. Han har henta inspirasjon frå bysantinsk, romansk og gotisk kunst, men ikkje minst frå norsk folkekunst. Fem år gammal såg han for første gong dei rosemalte veggene i Bykle gamle kyrkje, det gløymde han aldri sidan.

Moseid arbeidde med ei rekke teknikkar: keramikk, skulptur, tre, glass og glassmaleri. Men han er mest kjent som for sine tekstilarbeid. Grunnen til at han begynte med dette var at det under andre verdenskrig var mangel på alle slags materialer. Men tekstil var det lett å få tak i og det var lett å frakte med seg. Ettersom han som yngst i barneflokken hadde lært å bruke nål og tråd av sine større søstre, var dette ikkje ein ukjent teknikk. Men han vidareutvikla det tradisjonelle håndarbeidet til å bli kunst på høgt nivå.

Utstillingar[rediger]

  • Sommaren 2006 vart De fire årstider stilt ut på Setesdalsmuseet på Rysstad
  • 18. november 2017 opna utstilling av Draumkvedet på Sørlandets Kunstmuseum i Kristiansand

Verk[rediger]

  • Livstreet Brodert teppe, 2 x 2,8 meter 1949
  • Altertavle Rjukan kirke Glassmaleri 1968
  • De fire årstider Brodert frise 0,58 x 62 meter 1965-1977. Deponert hos Setesdalsmuseet på Rysstad
  • Orfeus og Eurydike Brodert frise. Var Telenor sitt, men vart gjeve til Sørlandets Kunstmuseum i 2016
  • Draumkvedet Brodert frise 1980-1993 Hang i Telenors bygg på Fornebu, men vart gjeve til Sørlandets Kunstmuseum i 2016

Kjelder[rediger]