Tore Kateraas
Tore Kateraas![]() | ||
---|---|---|
Født: | 2. februar 1944 (79 år) |
Tore Kristoffer Dahler Kateraas (fødd 2. februar 1944) er ein pensjonert lærar og rektor som bur i Åmli. Han gjekk på Åmli statsrealskule, Bø landsgymnas, Sagene lærerskole og sidan tok han vidareutdanning på Norges lærarhøgskole.
Etter lærarutdanning budde han i Oslo ein periode og var freelance journalist og leverte stoff til både Agderposten, Fædrelandsvennen og andre aviser. Sidan vart han lærar på Åmli statsrealskule i heimbygda. Frå 1970 til 1981 var han lærar og rektor på Valle skule. I denne perioden kom Valle vidaregåande skule i gang med klassar i husstell, vev og tømring. Han hadde eit stort engasjement og sat ein periode i Valle kommunestyre for Venstre. Han var også med på å starte avisa Setesdølen som representant for Valle kommune.
I 1972 gifta han seg med Liv Kateraas, søster til Tor A. Hovet. Ho kom frå Nomeland i Hylestad, og Liv og Tore har hytte der.
Kjelder
- Facebooksida til Tore Kateraas
- Opplyst i samtale 7. november 2018