Tarjei Eldhuset

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tarjei Eldhuset
Født: 5. juni 1931
Død: 19. november 2004 (73 år)

Tarjei Eldhuset (fødd 5. juni 1931, død 19. november 2004) budde på Sandnes i Bygland. Han etterlet seg kona Solfrid Eldhuset og dei to sønene Knut T. Eldhuset og Bjarne Eldhuset, svigerbarn og annan familie. Gravferda var frå Sandnes kapell torsdag 25. november 2004 klokka 12. Etter gravferda var det minnestund på Bygland Fjordhotell.

Tarjei Eldhuset var son til Knut Aa. Eldhuset og Ingebjørg Eldhuset, som budde i Åraksbø då han vart fødd. I 1946 døydde faren i ei arbeidsulukke under vegarbeid i Fånefjellet og då flytte familien til Føreid i Tveit kommune ved Kristiansand. Tarjei Eldhuset fekk seg arbeid på KMV. Medan han budde i Kristiansand, fekk han seg hytte i Grunnetjønndalen, som ligg på grensa mot Gjøvdal. Årdalen var viktig for han. I 1972 etablerte han seg på slektsgarden Vodden på Sandnes i Bygland, der han budde til han døydde.

Tarjei var med i Bygland kommunestyre i nokre år.

Kjelder[rediger]