Suleskarekspressen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Suleskarekspressen

Suleskarekspressen vart etablert i 1991 på Brokke-Suleskarvegen. Men ruta vart avvikla i 2004. Ruta var ei sommarrute som starta i juni etter vinterstenginga og gjekk ut september. Telemark Bilruter og Høle og Forsand Billag stod for ruta, som gjekk ein dagleg tur frå Stavanger til Åmot og tilbake. I Valle korresponderte Suleskarekspressen med Setesdalsekspressen og på Åmot kunne ein byte buss og reise vidare med Haukeliekspressen til Oslo.

Frå sommarsesongen 2012 er det inngått avtale med involverte partar om å starte opp att Suleskarekspressen frå skuleslutt til skulestart, frå og med fredag 15. juni 2012 til og med sundag 19. august 2012. Det er gjeve driftsgaranti for rutedrift dei neste 3 åra med ein dagleg avgang kvar veg.

Tilbodetr er basert på eit økonomisk spleiselag mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Samferdselsdepartementet løyvde kr 550.000 i 2011 til prosjektet, og vil vere med i ytterlegare 2 år. Alle kommunane langs fylkesveg 45 er med i finansieringa, saman med Aust-Agder, Rogaland og Telemark fylkeskommune.

Kjelder[rediger]

  • Ole Birger Lien: Tar opp att ruta til sommaren. Artikkel i Setesdølen nr. 97, 2011 side 12

Eksterne lenker[rediger]