Straumsbommen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumsbommen rett sør for Storstraumen i Bygland var eit viktig anlegg medan tømmerflotinga i Otra gjekk føre seg. Lasta som kom nedover elva ovanifrå Setesdal blei samla i Ose bom. Der delte fosskarane lasta i høvelege bommar, og flota henne over Åraksfjorden til Storstraumen. Der måtte dei opne slarken, renne lasta ned og samle henne i Straumsbommen igjen. Nye bommar blei stelte i stand for vidare floting sørover fjorden.

Kjelder