Ose bom
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Ose bom var eit viktig anlegg medan tømmerflotinga i Otra gjekk føre seg. Lasta som kom nedover elva ovanifrå Setesdal blei samla her. Så delte fosskarane lasta i høvelege bommar, og flota henne over Åraksfjorden til Storstraumen.
Ose bom var ein klavebom og 350 m lang (frå 1839).
Kjelder
- Andreas Vevstad, Fosskarane og Åna, utgjeve av Fellesfløtningen i Otra, 1999, side 16 og side 56