Store Olavsvatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Den vestre enden av Store Olavsvatn.

Store Olavsvatn er eit vatn på Kallandsheia sør-vest i Evje og Hornnes. Ein bekk renn ut av vatnet og ned i Lisle Olavsvatn. Herfra renn Fossåna nedover i terrenget til Kalland og seinare Kosåna. Store Olavsvatn sokner såleis til Mandalsvassdraget. Vatnet ligg på grunn som høyrer til garden Abusdal (gnr. 32).

Det går skogsbilveg (stengd med bom) frå Abusdalsvegen nordover og seinare vestover heilt inn til til vestre enden av vatnet. Nord-aust for vatnet ligg Storslåtta naturreservat. Sør for vatnet ligg Lisle Olavsvatn. Mellom Store og Lisle Olavsvatn er det hyttefelt med mange fritidsbustader. Det er også nokre hytter i austre enden av Store Olavsvatn. Her gjeld reguleringsplan for Store Olasvatn frå 1976.

Vatna i området skal vere kalka årleg, og det blir lagt ut mergel i gytebekkane. Ein kan få fin fisk i Store Olavsvatn.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]