Stev for dagen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Platecoveret

Stev for dagen er eit musikkalbum og ei stevsamling med 366 stev, eitt for kvar dag i året, av Kirsten Bråten Berg, Astri Rysstad og Kari Rolfsen. Samlinga kom ut våren 2007 på Heilo plateselskap.

Utvelging av stev står dei to første for, Kari Rolfsen står for illustrasjonane. Ettersom svært mange av steva er frå Valle og vert framførde setesdalsdialekt, fylgjer det med ordforklaring til plata.

Dei fleste steva står Kirsten Bråten Berg for, men det er og opptak av stev som vert framførde av andre utøvarar på plata. Desse er Birgit Rike Lund, Eli Kvaale, Gro Heddi Brokke, Hallvard Dale, Hallvard Haugen, Ingebjørg Vegestog Homme, Liv Helga Brokke, Olav Harstad, Olav T. Berg, Signe O. Helle, Torbjørg Aamlid Paus og Torleiv H. Bjørgum.

Her finn ein stev av ulik karakter. Det er også teke omsyn til at steva skulle passe til den tida på året dei er blitt plasserte i samlinga.

Omtale[rediger]

Eksterne lenker[rediger]