Steingarden (Steinsland)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinsås 15. august 2022. Under Steinsås, nede ved elva i området ved den raude hytta, låg Steingarden.

Steingarden var ein husmannsplass på Steinsland, på vestsida av Otra, i Valle. Plassen låg rett nord for gardsgrensa mot Åmli, frå elva og oppover. Det er ikke lenger hus på staden. Steingarden er den einaste sikre husmannsplassen i Valle i det 17. hundreåret.

Ein Åsulv Steingarden er nemnd i kjeldene frå 1641 og framover. Han hadde truleg ferjing over elva som hovudleveveg, men må seiast å vere den første husmannen på plassen. Seinare kom det nye husmenn som også hadde ferjing over Otra som arbeid. Daniel Åsmundsson Steinsland (f. 1901, d. 1978) var den siste som budde i Steingarden.

Kjelder

Kart

Laster kart...