Skitur gjennom Urdalen via Sanssouci til Rafosshei

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nils Dåsvatn.
Foto: Privat

Skitur gjennom Urdalen via Sanssouci til Rafosshei er eit stykke om skiturar og friluftsliv i Hornnes i 1930- og 1940-åra som stod på trykk i Arnstein 2011. Forfattar er Nils Dåsvatn. Han er no 85 år og bur i Iveland, men vaks opp i Hornnes. Nils har gjeve tillating til at artikkelen kan brukast der det måtte høve. Overskriftene til avsnitta er lagt til i ettertid.

Stykket[rediger]

Skihopping var det store[rediger]

Skihopping var det store i min barndom. Men skiturar på heia var og noko me sette pris på, serleg på ettervinteren når sola tok til å varme. Når me nå vinterstid fer gjennom Hornnes, ser me ikkje eit einaste skispor. I førtiåra var det skispor over alt. I bakkane var det små hopp. På Kalshaug og Knatten boltra gutungane seg. På jordene inn mot Koklebygda, gjekk det mange skispor. Der var det ein skibakke som heitte Åsane. Noen stoppa der, men løypa gjekk vidare inn gjennom Urdalen; ein trong dal med bratte fjell på begge sider. Dei som hadde greie på det, sa det hadde gått ei elv gjennom Urdalen i forhistorisk tid. Vidare gjekk me gjennom skog og over eit par myrer før me kom til Kleivane. Kleivane var lange, nokså bratte bakkar, opp til ei lita hytte som hadde det flotte namnet Sanssouci. Det var ei enkel bu med ein benk, eit bord og ein brisk. Det var ofte masse muselort over alt. Det var vanleg å ta ein stopp ved Sanssouci. Noen pusta ut, noen tok ein appelsin, og mange tok seg ein røyk. Du verden kor mange det var som røykte på den tid! Under og rett etter krigen var det status å røyke, og det var ikkje skadeleg, trudde me.

Fareldhuset[rediger]

Turen gjekk så vidare til Bukkedalen, og inn i enden av den låg Fareldhuset. Fareldhuset var endepunktet på turen for mange, og der gjekk det livleg for seg, så mange tykte det var moro å stoppe der. Det var forresten ein stor orreleik rett utenfor hytta. Det kunne vere store orreflokkar der, men det var helst litt seinare utpå våren, når snøen var borte. Dei litt meir spreke, gjekk vidare til Rafosshei. Den var ganske høg og bratt, men slett og fin, så me gledde oss alltid til me skulle ned igjen. På toppen av Rafossheia hadde me god utsikt. Me kunne sjå Svaba i nord-aust, Årdalsknaben i aust, Åpåsdalsknaben i sør og Snøfjellet i vest.

Lauvåsheia[rediger]

Dei aller sprekaste gjekk vidare inn over til Lauvåsheia og Høgehei. Desse heiene var omtrent på same høgd som Rafosshei. Frå Lauvåsheia kunne me sjå til ein gard i Åseral som heitte Flystveit. Mor kom frå den garden, og to onklar og tante budde der. Det hende me gjekk frå Hornnes til Flystveit på ski, men då gjekk me ikkje over Høgehei, men i ein dal ved sida. Det var ein tur på ca. 15 km, og me brukte om lag tre timar på turen. Me gledde oss alltid til heimturen frå desse heiene, for då kunne me renne alle dei bratte bakkane. Var det grei snø og fint føre, kunne me renne rett utfor Rafossheia. Me fekk god fart, og det var kjempegøy. Det hende me strevde oss opp igjen for å få ei rensle til; 30 minutt opp, to minutt ned. Ned Kleivane var det vanskelegare å renne. Då måtte me renne etter ein smal tømmerveg med tre på begge sider. Det var mange svingar og dårleg sikt, og ofte møtte me folk på veg opp, eller det låg nokon i vegen som hadde falt i løypa. Men spennande var det å renne der. Som gutungar rant me på noen korte ski som me kalte dunkar, og då køyrde med så fort me kunne, for dei var så lette å ta svingane med. Dei som ikkje hadde så stor skiferdighet, grua seg for nedturen. Det hende at noen tok av seg skiene og gjekk på beina. Rafossheia var greiare, der kunne ein krysse fram og tilbake. Ved avslutninga av turen, hende det at me tok eit hopp eller to i Åsane på terrengskiene våre. Det var utruleg kor spreke me var i dei åra.

Kven drog på skitur?[rediger]

Kven var det som drog på tur? Det var born frå 10 – 12 års alderen til eldre folk, men mest ungdomar; av dei mange gymnasiastar. Enkelte tyskerar vågde seg og inn i Kleivane, men det var på livet. Ikkje kunne dei renne, og vanskeleg hadde dei for å kome seg av veien når noen kom rennande. Det var ikkje alle som gjekk så langt på tur. Ein del gjekk til dei kom til ein fin plass der dei kunne sette seg i ein solbakke. Då var det vanleg å lage bål, og var ein så heldig at ein hadde fått tak i ein pølsesnabb, eller liknande, kunne det bli fest. Det blei og arrangert skuleturar i retning Fareldhuset og Rafosshei. Gymnaset hadde årleg ein skidag, og då gjekk som regel turen i den retning. Det hende då at dei arrangerte utforrenn i Rafosshei. Rektor Danielsen var nok den eldste som var med på desse turane. Han kom i eplenikkers, ski med striper og Witfeltbindingar, og berre ein skistav. Han minna om Nansen, og han var ein ordentlig spreking, rett under 70 år.

Utforrenn i Rafosshei[rediger]

I Bukkedalen var det ein brukbar hoppbakke. Eit år gjekk eg på hoppski dit, for eg trudde det skulle bli hopprenn. Det blei ikkje renn, men ville me noko på den tid, så skydde me ingen ting. Me hadde god trening og var alltid i aktivitet, me sparte oss ikkje og likte utfordringar. Eg brydde meg ikkje om alpinsport, utforrenn eller slalom, men eg likte fart og var glad i å renne, og redd var eg ikkje. Eit år då eg gjekk på gymnaset, skulle det vere utforrenn i Rafosshei. Noen gymnasiastar dreiv og trende i utforløypa, medan ein kamerat og eg drog vidare innover heiane på tur. Terje kameraten min, var smørespesialist, og på snø som var kram og våt i solskinn, hadde han ei spesialblanding av Østbye våtsnøklister og rekord hoppsmøring. Smøringa hangt godt, men blei og veldig glatt. Om ettermiddagen då me kom tilbake til Rafosshei, var rennet i gang. Det var blitt sørpeføre, og me hadde smurt godt. Dei spurde om me ville delta, og me melde oss på. Terje starta først og fekk god fart, men i ein litt vanskeleg sving falt han og miste mykje tid. Eg såg då han fall, og tok svingen på ein annan måte. Eg sto og vann heile utforrennet. Det var smøreeksperten frå Tovdal som ordna det.

Vinterbiletet er annsleis i Hornnes idag[rediger]

I dag er vinterbilledet eit heilt anna i Hornnes. Nå går ikkje folk på ski nede frå bygda. Skal dei nå på heia, så tar dei kanskje bilen og køyrer til ein stad der det er oppkøyrde løyper, eller dei har ei hytte å gå frå. Derifrå kan dei ta turar til Høgehei og Rafosshei. Men det er langt mellom skispora der nå. Svært mange drar til skisenter der det er skiheis og alpinbakkar. Det er nok meir lettvint, men eg trur ikkje dei har betre opplevingar enn me hadde då me sleit oss inn gjennom Hornnesheiane på dei gamle treskiene våre.