Skinåret 1947

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Skinåret 1947 var ein artikkel av Bjug Åkre i Setesdølen nr. 52, 2018 side 8.

Skinåret 1947

Året 2018 har utvikla seg til eit uår. Det har vorte uvanleg heitt med nye rekordar i høg temperatur og lite nedbør. Dermed vert det uår eller skinår med svært liten vokster, særleg for gras der det ikkje er lagt opp til kunstig vatning. Det er det få bønder som har kosta på seg fordi sumrane i det siste har vore heller nedbørrike, som i 2017 då det vart stor skadeflaum.

Når veret i år skal samanliknast med tidlegare skinår (varme, nedbørsfattige år), seier meteorologane at me må gå tilbake til sumaren 1947 for å finne eit liknande uår. Det året fylte eg 11 år og minnest dette året godt og har skrive om det i Jol i Setesdal 2016. Om sumaren var eg på støylane våre i Finndalen: Neiretjønn der me sat i tre veker frå 27. juni og Optestøyl der me sat i fire veker til me reiste heim 15. august. Eg skreiv om at sumaren var uvanleg varm og turr, så me lauga oss mange gonger om dagen. Det eg ikkje skreiv om der, var at heimareisla (heimturen) vart utsett med to veker til omkring 1. september fordi det ikkje var drikkevatn for buskapen i buskogen heime i dalen.

Stutt tid etter heimkoma til Valle slo veret om, det vart kjølegare og det kom rikeleg med regn. Men eg trur ikkje at turken var så alvorleg i 1947 som no. Såleis vart ikkje høyavlinga i Valle så katastrofalt redusert som i år, eg trur det vart eit nærast normalt år, me trong ikkje naudslakte noko dyr på grunn av høymangel. For eg meiner at varmen og turken kom seinare på året. Som døme på det kan eg fortelje at far min, Torjus Åkre, noko ut på sumaren, kom på vitjing på støylen. Han gjekk då ut heii under Ljomsnuten. Han hadde ei kvild i Voileheia der han tente på ein utturka einerbusk som brann godt. Men han såg det ikkje naudsynt å sløkkje elden. Resultatet var at det rauk i bålet i dagevis, kanskje vekevis, utan at det spreidde seg. Så det måtte vere væte i jorda då.

I år hadde me au ein lang og stabilt kald etterjolsvinter med godt skiføre. Det same var tilfelle i 1947 då det var svært kaldt så me fraus mykje på føtene. Men det var langvarig godt skiføre i bakkane og skeiseis på Otre i Valle.

Så eg trur ein må lenger attende i historia for å finne eit skinår som kan mæle seg med 2018. Men å finne ut om det har vore eit liknande år tidlegare, må vere ei oppgåve for meteorologar, historikarar eller fysikararar.