Rodesteinen Hylestad - Valle
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rodesteinen Hylestad - Valle er eit vegmerke langs Riksveg 9, langs gamlevegen, like nord for brua over Otra i Flårenden, i Valle. Steinen har inskripsjonen H og V. Det syner til kommunane Hylestad og Valle som var dei aktuelle rundt 1920, då steinen skal vere sett opp. Steinen står ved den tidlegare heradsgrensa.
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, utgjeve av Bokbyen Forlag, 2018, side 149