Reisa til Valle

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ordføraren spanderte is og brus på 9. klasse.

Reisa til Valle er ein film laga av elevar i 9. klasse på Valle skule våren 2011. Filmen vann Barnefilmfestivalen i Kristiansand si kortfilmtevling og elevane kunne onsdag 4. mai 2011 hente heder og ein sjekk på 10.000 kroner i Kristiansand. Dagen etter vart dei gratulerte av ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, som spanderte is og champagnebrus på elevane.

Handling

Filmen handlar om eit par byfolk, Amalie og Markus, som har kjøpt seg ein hotellweekend i Valle over internett. I Valle må dei gå 500 meter til hotellet, så dei er slitne når dei kjem fram. Dei forstår heller ikkje kva hotelleigaren seier, og ber om ordbok. Men hotelleigaren syner dei til nettsida Talemålet i Valle og Hylestad, for ordbok har han ikkje. Filmen endar med at gjestene kastar hotellverten i ei søppelkasse.

Deltakarane

Elevane starta å lage filmen vare tre dagar før fristen for å levere. Dei som var med, var

  • Heloise Sverdrup Lund, Amalie
  • Knut Røysland, Markus
  • Jon Hallvard Rysstad, hotelleigar

Dei andre elevane i klassen kom med idear og var med under arbeidet med filmen:

  • Martine Egeli,
  • Bjørnar Støle,
  • Maria Ødeskaug,
  • Annbjørg Trydal Jansen,
  • Knut Olav Homme og
  • Tone Åmlid Haugeland.

Kontaktlærar for klassen er Astrid Kyte.

Teknisk informasjon

Kjelder

Eksterne lenker