Pytten turiststasjon
Hopp til navigering
Hopp til søk
Pytten turiststasjon låg nokre hundre meter vest for sjølve Pytten-garden i Bygland, i fjellheimen nord for Langevatn i Åseral. Ein engelskmann, kaptein Stock, oppførte ein bygning her i 1912. Det skulle vere eit «jaktslott». Men Stock omkom ved starten av 1. verdskrigen. Via fleire andre eigarar kom eigedomen til Pytten-familien. Dei dreiv staden som turiststasjon i mange år. Etter at Pytten blei fråflytta tidleg på 1950-talet, har turiststasjonen forfalle. I dag er han ikkje i bruk.
Kjelder
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 93–94