Prestegardshagen i Valle

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Valle prestegard med prestegardshagen.

Prestegardshagen i Valle vart anlagt av sokneprest Peter Blom i 1865. Det er truleg den eldste hagen i Bykle og Valle og den einaste prestegardshagen i Setesdal. Prestane som har budd i Valle prestegard har hatt ansvaret for hagen. Nokre har stelt godt med han, nokre har gjort ingenting og nokre har saga ned. Hagen er på to mål.

Det er ikkje lang tradisjon for hagar i Bykle og Valle, særleg ikkje prydvekstar. Hagen var i 2017 ikkje undersøkt av fagfolk som er ekspertar på gamle hagar, pryd- og nyttevekstar. Då ville Opplysningsvesenets Fond «pusse opp» hagen for å gjere han lettstelt. I mai skulle Nomeland Anlegg inn i hagen og gjere drastiske endringar.

25. mai 2017 var Karin Bøe og Per Arvid Åsen i hagen. I ettertid laga Per Arvid Åsen ei ufullstendig planteliste. Konklusjonen er at han er verdifull med mange verdifulle og spesielle planter og difor er eit kulturminne. Men han er ikkje registrert som eit kulturminne.

Kjelde[rediger]

  • Brev frå Karin Bøe til Valle kommune i samband med utarbeiding av kulturminneplan for Valle 24. januar 2020