Pilegrimsvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Røldal stavkyrkje var målet når setesdølane la ut på Pilegrimsvegen.

Pilegrimsvegen var vegen setesdølane for når dei skulle til kyrkja i Røldal.

Sørfrå gjekk vegen frå Valle til Bykle og Kaupmannsbui, vidare til Sålestoga ved Ormsa, over Bruleet og så til Bråtveit, med båt etter Suldalsvatnet til Vallarvik, og deretter Prestevegen til Botnen i Røldal og med båt over Røldalsvatnet til kyrkja.

Frå Fjellgardane gjekk vegen opp Breivelii og nordover til Hardingskaret, vestafor Holmevatn og til Røldal.

Kjelder