Pannekakehuset

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Pannekakehuset i 2005 med Nelleke Mooy i døra

Pannekakehuset, eller Fossberg, ligg ved gamle-riksveien like ved Byglandsfjord dam, eit par hundre meter frå Riksveg 9. Grunnen til at det heiter Pannekakehuset, er at Nelleke Mooy i sommarsesongen har sal av pannekaker i alle variantar her. Ho spelar og dokketeater for kafegjestene. I tillegg stiller ho ut akvarellar ho sjølv har laga. Ho starta Pannekakehuset som ei hobbybedrift i 2004. I 2008 tok ho serveringsprøve og same året var den offisielle starten av Pannekakehuset. I Pannekakehuset er det to rom med til saman fire soveplassar for utleie.

Kjelder

Eksterne lenker