Ole Aa. Brattfjord
Ole Aa. Brattfjord![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 10. april 1964 (61 år) |
Ole Aasmund Brattfjord (fødd 10. april 1964) frå Evje er leiar av servicekontoret i Lyngdal kommune frå 2014. Han var nyhetsredaktør i Lindesnes Avis i Mandal. Han begynte der i september 1986 som allround-journalist. Sidan blei han vaktsjef og frå 2002 har han fungert som avisa sin nyhetsredaktør. Han arbeidde i Setesdølen frå 1. januar 1985 som journalist før han flytta til Mandal.
Brattfjord er avismann, lyrikar, musikar og ein ivrig fotograf som fartar mykje rundt på gamle heimetrakter i Evje og Hornnes kommune med fotoapparat. Det har resultert i fleire kalendrar. Kalendrane har både tekstar og bilete, og vert produserte i eit avgrensa opplag. For 2011 ga han ut kalenderen «Evje og Hornnes kommune – folk og stader før og nå». Han samlar også på gamle postkort frå nedre Setesdal, og fleire av desse er nytta i kalenderprosjekta.
Musikk
I tillegg til å skrive sakprosa i avis, skriv han og songar og framfører dei. Brattfjord har gjeve ut CD-platene «Stjerneskudd» (1994), «Tenkjer på deg» (1995), «Solrødt og sommarsøtt» (2004) og «Dalen vår» (2012), som vart laga i samarbeid med skigruppa i Otra IL og gjeve ut i samband med tiårsmarkeringa for jordbærfestivalen på Evje. Songen til Otra IL sitt 50-årsjubileum i 2010, «På 60 blank», var også laga av Ole Aa. Brattfjord. Han har vore fleire gonger på Sørlandstoppen. Melllom anna med songen «Himmel og hav» frå plata «Solrødt og sommarsøtt». Brattfjord har også medverka på supporterplata til fotballklubben MK i Mandal, med songen «De grønne og hvide».
Konseptplata «Dalen vår» som kom i 2012 var ei plate om røter og tilhøyrighet. Med utgangspunkt i eigen bakgrunn frå nedre Setesdal har Brattfjord med «Dalen vår» laga ei identitetsbyggande plate med bakgrunn i språk, kultur og mellommenneskelege relasjonar. Undertittelen røter og tilhøyrighet syner både til geografisk tilhøyrighet, menneskeleg tilhøyrighet og åndeleg tilhøyrighet. Plata har i alt 18 songar der alle tekstene handlar om relasjonar, til stader, historie, kultur og menneske. Fleire av tekstene tek utgangspunkt i Brattfjord sin eigen bakgrunn og oppvekst i nedre Setesdal. «Dalen vår» er på den måten først og fremst ein hyllest til bygda og dalen der han sjølv hadde oppveksten sin, og røtene sine. Men «Dalen vår» er også synonymt med den kjensla av tilhøyrighet alle menneske har, til stader og til kvarandre. Alle har røter, ein bakgrunn som har forma dei, og ein plass dei lengtar til. Det er dette «Dalen vår» handlar om. Ei stemning som rører ved noko.
Alle tekstene er skriven på nynorsk/dialekt, og i tillegg til musikken kan ein på plata, både mellom og i songane, også høyre røysta til fleire personar frå landsdelen. Blant dei som er med er tidlegare programsekretær i NRK, Sigmund Skomedal, pensjonert tannlækjar og idrettsentusiast Jon Omland, tidlegare bakar Arvid Pedersen, kjend lokalpolitikar og kulturarbeidar Aud Helene Austegard, byggmeister Frode Nicolaysen, tidlegare skipper på «Bjoren» Torgeir Moseid og ikkje minst heiderskvinna Solveig Åvitsland, som gjekk bort 1. mars 2012. Ho dreiv i ein kvinnealder Samyrkjelaget på Flatebygd i Evje og Hornnes. Personar som på kvar sitt vis krydrar plata med kommentarar knytt til temaet i dei ulike songane.
Litteratur
Han har gjeve ut to diktsamlingar, publisert fleire noveller og stått bak ein litterær antologi med bidrag frå kjende namn som Kjell Askildsen, Espen Haavardsholm, John Møll, Michael Grundt Spang m.fl.
Kjelder
- Brattfjord tilbudt ny jobb
- Opplyst på Facebook 12. september 2016