Dalen vår

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Ole Aa. Brattfjord lanserer våren/forsommaren «Dalen vår». Ei konseptplate han har arbeidd med i nær fem år. «Dalen vår», med undertittelen «ei plate om røter og tilhøyrighet», handlar om relasjoner. Relasjoner til stader, historie, kultur, religion og menneske.

Fleire av tekstene tek utgangspunkt i Brattfjord sin eigen bakgrunn og oppvekst i nedre Setesdal, der innhaldet krinsar om folk og miljø frå dalen. «Dalen vår» er på den måten først og fremst ein hyllest til bygda og dalen der han sjølv hadde oppveksten sin, og røtene sine.

Men «Dalen vår» er også synonymt med den kjensla av tilhøyrighet alle menneske har, til stader og til kvarandre. For sjølv om tekstene tek utgangspunkt i lokale tilhøve, trur og vonar låtskrivaren Brattfjord plata også vil ha relevans for andre menneske, anten dei kjem frå by eller land. På same vis som Oslo-trubadur Lillebjørn Nilsen syng om ei tante frå Gamlebyen som alle føler dei kjenner. Alle har røter, ein bakgrunn som har forma dei, og ein plass dei lengtar til. Det er dette «Dalen vår» handlar om. Ei stemning som rører ved noko.

Med unntak av nokre ganske få songar (plata har heile 18 spor), har Brattfjord komponert og arrangert all musikken sjølve, og alle tekstene er skriven på nynorsk/dialekt.

I tillegg kan ein på plata , både mellom og i songane, høyre røysta til fleire personar frå landsdelen. Blant dei som er med er tidlegare programsekretær i NRK, Sigmund Skomedal, pensjonert tannlækjar og idrettsentusiast Jon Omland, bakar Arvid Pedersen, kjend lokalpolitikar og kulturarbeidar Aud Helene Austegard og fleire til. Personar som på kvar sitt vis krydrar plata med kommentarar knytt til temaet og stemninga i dei ulike songane.

– Særleg glad og audmjuk er eg for heiderskvinna Solveig Åvitsland sine heilt særeigne bidrag. Den tilårskomne kvinnerøysta som opnar plata i introen til songen «Dalen vår» er Solveig Åvitsland. Der mimrar ho tilbake til unge år og ein skuletur dei hadde til Sarvsfossen i Bykle då ho var ung jente, og hadde livet framføre seg. Dalen var lengre og verda var større då. Solveig Åvitsland dreiv i ein kvinnealder Samyrkjelaget på Flatebygd i Evje og Hornnes, og var ein markant og kjend kvinneskikkelse i bygda. Ho var ei levande lokal historiebok, men diverre tok ho sine opplevingar og fargerike soger med seg i grava, fortel Ole Aa. Brattfjord.

Solveig Åvitsland døydde 1. mars 2012, og fekk aldri oppleve å høyre seg sjølv på plate. Ho blei 87 år gammal. – Eg trur ho hadde vore uendeleg stolt, seier Brattfjord, og legg til at Åvitsland ikkje berre er å høyre på introen til plata. – Utdrag frå lydopptaka eg gjorde med henne sommaren 2011 er nytta fleire stader på plata. Eg hadde gledd meg til ho skulle få høyre det ferdige resultatet, men lagnaden ville det ikkje slik. Eg er likevel utruleg takknemleg, glad og stolt over å ha fått med så mange flotte bidrag frå henne. Eg nytta høvet til å spele eit lite utdrag frå plata under minnestunda som vart halde etter gravferda hennar. Plutseleg fylte Solveig si særeigne røyst lokalet der dei sørgande var samla. Det var ei sterk og varm oppleving, fortel Brattfjord.

Dette plateprosjektet er ifølgje Brattfjord sjølvrealisering fra A til Å. – Men i tillegg er det – i alle fall i mine auge – eit viktig stykke kulturarbeid forankra i det lokale og regionale. Eg har gjeve ut og vore med på plater tidlegare, men dette er den plata eg alltid har drøymt om å lage. Dette er meg!

Brattfjord gir ut plata på eiga hand, og ber alle kostnadene til studioarbeid, produksjon, distribusjon og marknadsføring sjølve. – Men undervegs har eg fått drahjelp både frå det offentlege og frå næringsdrivande og organisasjonar som har vurdert plateprosjektet mitt som så spennande at dei har gjeve meg økonomisk støtte. Eg er dei stor takk skuldig. Utan den drahjelpa hadde eg nok aldri våga å realisere plata, seier han.

Ifølgje Brattfjord har arbeidet med «Dalen vår» vore ein lang og tidkrevande prosess. – Når plata nå lanserast er det faktisk 4,5 år sidan den første innspelinga vart gjort, og nærare fem år sidan dei første songane vart skrive, seier Ole Aa. Brattfjord.

«Dalen vår» songliste:[rediger]

  1. Dalen vår
  2. Riksveg 9
  3. Heime
  4. Ørnefjellskogen
  5. Bjoren
  6. Sommar i Setesdal
  7. Tradisjon: Eg vi’ alli’ burt meg binda
  8. Kjende det på meg
  9. Ditt smil
  10. Når Venus blunker
  11. Eit lite stykke poesi
  12. Draumen: Song for Orion
  13. (The end) Evje kinos blues
  14. Kjærlighet og ærlighet
  15. Emissæren kjem: Blott en dag
  16. Idrettslaget: På 60 blank
  17. Ei bøn om lukke
  18. Fuglane veit