Olasøygard
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Olasøygard var støyl for bnr. 1 på garden Espelid aust for Lognavatn i Åseral. Frå 1889 var han delt mellom bnr. 1 og bnr. 8. Støylen låg i støylsområdet til Espelid-bruka rundt Rostøltjønnæ på heia om lag ein kilometer nord-vest for Koland ved Gyvatn. I dag går det veg frå Espelid forbi den gamle støylen til Gyvatn.
Kjelder
- Tarjei Liestøl, Åseral Gard og Ætt, band I, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, side 383