Oddleiv Torgeir Fjellestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Oddleiv Torgeir Fjellestad
Født: 2. desember 1921
Død: 18. oktober 2011 (89 år)

Oddleiv Torgeir Fjellestad (fødd 2. desember 1921 på Fjælestad, død 18. oktober 2011 på Evjeheimen) budde ved HornnesheimenHornnes etter at han vart pensjonist. Han var nest eldst i ein syskinflokk på sju. Det meste av sitt yrkesaktive liv arbeidde han på Lumber i Kristiansand. Men han var glad i jakt og friluftsliv og reiste heim i helgene, etter kvart fekk han seg ei hytte på Espetveit i Hornnes, nabogrenda til Fjælestad. Særleg var han glad i harejakt, og så lenge han hadde helsa, heldt han seg og med harehund.

Han var ugift og etterlet seg søskena Olav Fjellestad, Toralf Fjellestad, Gudrun, Turid og Torgeir Fjellestad, svigerinner, nieser og nevøar. Gravferda var frå Hornnes kyrkje onsdag 26. oktober 2011 klokka 11.

Kjelder[rediger]