Oddebakken

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Oddebakken var ein hoppbakke i Evje på 1930-talet. Han låg i lia aust for Evje Mineralsti. Skilaget Ørnen (dei «borgarlege») hadde opna Ørnefjellbakken 28. januar 1934, og Evje AIL (arbeidaridretten) var sterkt opptekne av å få ein eigen hoppbakke. Hausten 1935 starta dei opp arbeidet med den såkalla Oddebakken, ein bakke dei hadde store voner til. Staten løyvde dagsverksbidrag til arbeidet, og resten blei gjort på dugnad av medlemene.

Opningsrennet i bakken var 26. januar 1936. Tomine Flåt opna rennet. Alfred Mortensen hadde lengste hoppet, vann klasse A og fekk Damenes pokal. Seinare på vinteren 1936 hoppa Mortensen 36,5 meter i eit nytt renn i bakken, og det var bakkerekord.

Olav Arne Kleveland skriv at Oddebakken etter hans inntrykk ikkje var i stand til å konkurrere med Ørnefjellbakken og fekk ei heller kort levetid.

Gudmund Olsen, sjølv ein dyktig lokal idrettsmann i si tid, har skrive ein artikkel om den kvinnelege storhopparen Tomine Flåt. Her er Oddebakken omtala slik (utdrag):

---ein storbakke i Setesdal som heiter Oddebakken. Denne bakken som ikkje lenger eksisterer, vil eg tru var den brattaste og farlegaste bakken å hoppe i som nokon gong har vore. Det var naturen sjølv som hadde forma bakken oppe i ei stupbratt li. Bare dei aller modigaste våga seg ufor der---. Bakken hadde ein slik profil at dei trong ikkje take nokon kraftsats når dei hoppa, men bare late seg "gli" utover hoppet, og så late seg "dette" ned i "avgrunnen". Hadde ein då for stor fart, var risikoen for å hamne langt utpå sletta stor---.

Kjelder