Nortømmer
Nortømmer er eit privat tømmeromsetningsselskap med hovudkontor i Elverum. Frå 1. desember 2016 er selskapet etablert med eige avdelingskontor på Evje. Rune Kile og Lloyd Gundersen er firmaet sine kontaktmenn i distriktet. Frå 2018 er også Torbjørn Flaat med som rådgjevar. Torbjørn har heile Setesdal og distriktet ned til Kristiansand pluss Søgne og Songdalen som sitt arbeidsområde.
Firmaet hadde først kontorstad i det nye forretningsbygget i General Holms veg i Nordre Leir på Evjemoen, like ved Setesdal Bilruter sitt anlegg og tett ved Riksveg 9. Men dei er no flytta til Sentrumsbygget. I 2017 var målsettinga å omsette 100 000 kubikkmeter tømmer. Men det synte seg at dei klarte rundt 160 000 kubikkmeter.
Nortømmer AS vart etablert i 1998, og er eit heileigd dotterselskap av skogeigarorganisasjonen Norskog (etablert 1950).
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, Nortømmer etablerer seg på Evje, artikkel i Setesdølen nr. 95, 2016, side 9
- Om Nortømmer på selskapet si heimeside
- Sigurd Haugsgjerd, - Vil satse sterkare i Setesdal, artikkel i Setesdølen nr. 17, 2018, side 7