Nils J. Røed

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nils J. Røed
Født: 23. desember 1930
Død: 22. september 2012 (81 år)

Nils J. Røed (født 23. desember 1930, død lørdag 22. september 2012) bodde på Evje. Han etterlot seg kona Gerd Røed, barna Wenke, Ellen og Jens Petter, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annen familie. Begravelsen var fra Evje kyrkje fredag 28. september 2012 klokka 13.

Nils Røed var handelsmann på Evje. Han kom frå Gjerstad og bar med seg dialekten derifrå i alle dei åra han fekk på Evje. Han kom med Forsvaret, så fann han kona si på Evje og vart verande. I mange år var han reisande for Christiansands Glassmagasin før han etablerte sin eigen gåvebutikk med leiker og barnetøy i Gullestadbygget, der Oasen Blomster no held til. Då det nye Sentrumsbygget på Evje stod ferdig midt på 1970-talet, kjøpte han seg inn der og var der i 25 år til han pensjonerte seg i år 2000. Som pensjonist tok han på seg ei viss vaktmeisterteneste i Otrahallen. Han var aktiv i kristeleg organisasjonsarbeid i fritida og engasjerte seg særleg i mange slags dugnadsarbeid på Evjetun. Elles lika han seg godt i skog og mark og var ein ivrig bærplukkar, skreiv Sigurd Haugsgjerd i minneordet om han.

Kjelder[rediger]