Nils Horverak

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Horverak
Født: 29. mars 1867
Død: 1948 (alder 80–81)

Nils Taraldson Horverak (fødd 29. mars 1867, død 1948) var ein spelemann frå Bygland. Far hans var lærar i Åraksbø. I 1885 flytta familien til Skomedal og kring 1890 til Horverak, der dei kjøpte seg ein gard.

Den tida Nils budde i Sandnes sokn lærte han mykje spel av Olav Helleikson Hytta og Olav Torbjørnson Skomedal. Etter kvart vart Nils Horverak ein god spelemann og reiste mykje rundt på konsertar, ofte saman med Hallvard Rysstad. På sine konsertferder møtte han dei gjævaste spelemenn på den tid, Lars Fykerud, Ola Mosafinn og Sjur Helgeland. I eit intervju på 70-årsdagen fortalde han at han hadde vitja dei fleste stader utanom Nord-Norge og hatt to månadsturar til Sverige og ein til Danmark.

Nils Horverak etablerte seg med familie i Vennesla og arbeidde på Hunsfos papirfabrikk. Han var medlem av AP's første styre i Vennesla i 1909. Bibliotekar 1923-1936

Familie

I 1910 budde Nils Horverak i Vennesla og arbeidde på Ved folketellinga det året er det opplyst at han var gift med Margit Horverak. Dei hadde då fem barn: Eli Horverak, Gunhild Horverak, Tarald N. Horverak, Solveig Horverak og Torbjørg Horverak.

Kjelder