Olav Helleikson Hytta
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olav Helleikson Hytta | ||
---|---|---|
Født: | 1860 | |
Død: | 18. februar 1941 (alder 80–81) |
Olav Helleikson Hytta (fødd 1860, død 1941) var ein spelemann i Åraksbø i Bygland. Han er ein av dei viktigaste einskildpersonane som har vore med på å forme og farge spelet i Setesdal.
Olav budde på den vesle husmannsplassen «Hytta» i Åraksbø, som han overtok etter faren. Det var lite jord som høyrde til. Han livberga seg og familien som mylnar. Det var ei mølle i Hovassåni som også faren hadde drive. I tillegg var han dagarbeidar ved skogbruk.
Far til Olav var Helleik Gulson Koppangen (f. 1806, d. 1885), som var komen frå Numedal for å arbeide ved Koparverket i 1840-åra. Mora var Turid Jørundsdotter Jore (f. 1820, d. 1890). Ein av sønene hans var spelemannen Anders Olson Hytta.
Kjelder
- Anne Tone Aanby (red.), Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli, 2018, side 83–84
- Olav Bø (red.), Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, Gyldendahl & Søn Forlag, 1980, side 180
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 225–229