Valle menighetshus
(Omdirigert frå Menighetshuset i Valle)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valle menighetshus ligg i Valle sentrum, like nord for Valle Bensin. Huset vart i 2010 overteke av kommunen. Planen var å bruke tomta til eit sentrumsbygg for bibliotek og kyrkjestoge, mellom anna. Desse planane vart skrinlagde på møte i Valle kommunestyre 29. oktober 2014. Inntil vidare vert huset brukt som menighetshus.
Historikk
Det opprinnelege huset vart vigsla 19. september 1903. Ein av pådrivarane for å få bygd menighetshuset var Ånund Nomeland. Han var lærar og klokkar i Valle frå 1899 og ivra saman med sokneprest Martin Luther Svanholm og Knut K. Løyland for å få bygd huset. Byglandspresten Johan Peter Lunde heldt vigslingstalen.
Kjelder
- Aasulv Austad: Det religiøse liv i Valle. Artikkel i Valle kyrkje 1844-1944 side 43
Kyrkjer og forsamlingshus i Valle kommune | ||
Hylestad kyrkje · Valle kyrkje | ||
Broderheimen bedehus · Oveinang grendehus · Nomeland bedehus · Valle menighetshus | ||
Fjellro grendehus på Hovet · Gardane grendehus på Brokke · Hylestad soknehus Treungen grendehus på Helle · Homme og Tveitebø grendehus |