Marit Simonstad Kvaale
Marit Simonstad Kvaale![]() | ||
---|---|---|
Født: | 18. februar 1970 (55 år) |
Marit Simonstad Kvaale (fødd 1970) er fotograf. Ho vaks opp på Bygland og tok utdanning som reklamefotograf hos Fotograf Dag Myrestrand i Stavanger i perioden 1993-1996. Deretter dreiv ho eige fotostudio i Kristiansand innan reklamefotografering i fem år før ho flytta tilbake til Bygland.
Ho har hatt varierte reklameoppdrag for kunder som Aker Solutions, Hennig Olsen, Hillestad AS, Allianse Apotek, Handi Proff, Sparebanken Sør, Høie, Turi Form, Hjemmet Mortensen og Allers Interiør. Men frå 2009 har arbeidet gradvis retta seg mot kunstfotografi. Fotografia hennar er både i mellom farge og svart/kvitt. Dei er i liten grad manipulert slik at røyndomen og øyeblikket vert gjenskapt slik dei faktisk er.
Marit Kvaale har levert utsmykking til Sølvgarden Rysstad, Fysioterapien Bygland, DPS Strømme og Songdalen legesenter. Ho har hatt separatutstillingar på Minne kultursenter i Åseral i 2010, under Hovden Tour på Hovden i 2012 og på Landeskogen Fredssenter i 2013. Ho er også mykje nytta som fotograf for Setesdal Regionråd.