Mannvarden
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Reidar Tveito

Foto: Reidar Tveito
Mannvarden er ein av fleire vardar på Vardetoppen sør-aust for Langetjørn og aust for Bukketjørn i Setesdal Vesthei i Bygland kommune. Reidar Tveito sette opp varden der i 2003. Mannvarden står heilt framme på kanten av den 653 meter høge toppen, dei andre vardane der står noko lenger inne. Den eldste av vardane står oppå ein større stein. Det vart fortald at folk frå Koland sette opp denne for å finna vegen over heia.
Kjelde
- Fortalt av Reidar Tveito 12. desember 2011.