Lysning

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Leskuret «Lysning»

Lysning er vinnar av arkitektkonkurranse som Statens Vegvesen Agder arrangerte våren 2017 om nye leskur til riksveg 9. Dei gamle leskura var laftebygde, men ikkje tilpassa nye krav om universell utforming. Fem arkitektkontor var villige til å vere med i konkurransen, men bare tre leverte inn forslag. THA Arkitekter vann med forslaget «Lysning».

Jury[rediger]

Desse var med i juryen:

Eva Preede, landskapsarkitekt MNLA frå Statens vegvesen var jurysekretær

Juryen sin kommentar til Lysning[rediger]

Generelt

Forslaget er godt gjennomarbeid og lett å forstå. Vala er argumentert for på ein god måte. Det tilfredsstiller krava som er satt i konkurranseprogrammet. Forslaget er relativt lite detaljert.

Arkitektonisk vurdering

Prosjektet svarer godt på oppgåva. I forslaget står det at leskura er ein moderne tolking av element frå dei tradisjonelle trekonstruksjonane i Setesdal. Arkitektonisk sett er forslaget enkelt med bruk av få verkemiddel. Det kan karakteriserast med omgrepet «harmonisk variasjon» i forhold til lokal byggeskikk, og tar opp i seg tradisjonell materialbruk. Det står fram som opent og lyst samtidig som det verker stillferdig og sympatisk. Det underordnar seg kulturlandskapet med sin openheit.

Forma på konstruksjonen er eit enkelt rektangulært volum som er skrått avskore i eit hjørne. Det er brukt overdimensjonerte trematerialar i konstruksjon og i benkane som er integrert i bygget. Denne overdimensjoneringa er viktig og gir bygget ein ønska arkitektonisk karakter.

Trekonstruksjonen tar utgangspunkt i stavtradisjonen i dalen, og dette står fram som særs tiltalande i kombinasjon med glaset som ligg som ei hud som dekker heile konstruksjonen. Granittsokkelen gir bygget ein base og skjermar for vind og snø. Taket er gitt ein helling på 10 %. Bygget dominerer ikkje omgivnadane, men vil etter juryen si vurdering kunne inngå på ein god måte i den situasjonen det blir plassert i.

Forslaget sin enkelheit, både med omsyn til form og materialval, vurderast å vere eit godt og robust utgangspunkt for vidare arbeid og detaljering i samråd med oppdragsgivar.

Funksjon og bruk

Prosjektet svarer godt på funksjonskrava. Det bør vurderast om storleiken på det minste skuret kan reduserast slik at det er betre tilpassa steder med svært få passasjerar. Juryen diskuterte også om den skrå opninga kan reduserast noko av omsyn til vind og snø.

Leskuret blir oppleve som ope og lyst. Dette er ein viktig kvalitet, men det bør vurderast om deler av konstruksjonen kan lukkast noko ved bruk av meir treverk i enkelte felt. Det er brukt glas til å dekke heile leskuret. Juryen vurderer at det kan vere ønskeleg med ei anna kledning av taket.

Ruteinformasjon og skilting må plasserast slik at det er integrert i konstruksjonen. Dette gjeld all skilting og alt utstyr. Plassering og utforming må tilpassast krav til universell utforming. Store glasveggar kan vere utfordrande for synshemma. Det kan vurderast å tydeliggjere glasa betre for eksempel ved bruk av frosta felt. Den tydelege granittsokkelen kan truleg kompensere for dei store glasflatene, og sikre at leskuret blir godt synlig for synshemma.

Plassering av benk på kortsida, som gir sitteplassar vendt mot bussen, er positivt. Det same gjelder benken på langveggen som har ei anna form og høgde. Denne variasjonen gir val mellom ulike sittestillingar. Det er ein fordel at benkane er integrert i konstruksjonen.

Detaljer av golv manglar. Ledelinjer må utformast etter nasjonale retningslinjer. Belysning er vist med LED-lys nedanfrå og det er peika på at sensorar som registrerar bevegelse kan nyttast. Dette blir vurdert som ein god løysing, men må arbeidast vidare med og tilpassast krav til universell utforming.

I forhold til snøbrøyting og generelt vedlikehald er det ein fordel at leskuret ikkje har takutspring.

Bærekraft og vedlikehald

Det er nytta fornybare materiale som tre og naturstein. Glas er ikkje fornybart, men det har en lang haldbarheit og kan resirkulerast. Løysinga er derfor akseptabel i eit berekraftperspektiv. Utforminga blir vurdert til å ha eit tidlaust uttrykk, noko som tilseier at det vil vere vakkert over tid.

Vedlikehaldet vil vere krevjande, dette gjeld særskild glaset. Det er enkelt å skifte ut delelement. Leskuret vil egne seg godt til lokal produksjon.

Økonomi

Av dei innleverte forslaga er det dette leskuret som er berekna å vere dyrast i produksjon og oppsetting. Spesielt glaset er kostbart. Det er truleg også det forslaget som har høgast vedlikehaldskostnader. Det er mogleg å bygge leskura med enkle modular.

Kjelder[rediger]

Pdf-fil med juryuttale om konkurransen