Lindland Maskin

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein av bilane til Lindland Maskin AS
LIndland Maskin i gang med arbeidet på Rv-9 ved Storstraumen 11. september 2022.

Lindland Maskin AS er eit entreprenørselskap som vart etablert i 1992. Det er ei vidareføring av eit selskap som Jan Arvid Lindland starta i 1972. Hovudkvarteret er i Åsanvegen i Lyngdal.

I 2011 fusjonerte firmaet med Agder Maskinentreprenør AS i Lund i Rogaland etter at firmaet i 2010 overtok alle aksjene i firmaet, som det til då hadde hatt 50% av aksjene i. Fusjonen ga selskapet åtte nye tilsette, slik at Lindland Maskin frå 2011 har hatt mellom 70 og 75 tilsette. Selskapet har ein maskinpark på rundt 30 gravemaskinar, nokre lastebilar, servicebilar, boreriggar og knuseverk. I 2008 var omsetninga om lag 200 millionar kroner.

Lindland Maskin har og kjøpt seg inn med 50% i maskinentreprenøren Tveit og Tjomlid AS på Oftedal i Sirdal. Med to slike oppkjøp får selskapet og ein marknad vestover mot Rogaland.

I Setesdal har Lindland Maskin hatt arbeidet med vegnanlegget Tveit-KrokåRiksveg 9 frå 2009. I september 2022 byrja selskapet jobben med ei større utbetring av Rv-9 ved Storstraumen i Bygland. Hausten 2023 bygde dei ny rundkøyring på Rv-9 ved Valle sentrum.

Dagleg leiar i selskapet er Sigve Lindland.

Kjelder

Eksterne lenker