Langeidstreet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Furua i 1987
Foto: Bilete frå Setesdølen
Furua i 2013
Mennesket vert lite attmed eit slikt tre
Foto: Reidar Tveito

Dette er ei stor furu som veks like ved Hækni rasteplass ved riksveg 9. Sjølv om ho er stor, så er ho allikevel nokså løynd. Skogen omkring har vakse til slik at furua heller ikkje er så lett å sjå frå vegen nord for Birkeland.

Omtalt slik i Setesdølen i 1987:[rediger]

Tre til 7.000

Om det vart lyst ut tevling om det finaste furutre i Setesdal, ville nok Langeidstreet gå av med sigeren. Det står tett attmed Otra nedom Hæknefossen og er godt synleg frå vegen opp til Birkeland. Dimensjonen på furua får ein ved å samanlikna treet som står på sida. Det er stort nok til hogging. Ein kubbestolfabrikant baud eigaren 7.000 kroner for treet. Men han ville ikkje selja.

Furua er finast der ho står, og det er ikkje så lite å vere eigar av dalens finaste tre. Kubikkmeter pris på langt over 1.000 kroner er freistande. Eller kven veit. Om prisgaloppen held fram som han har gjort i dei siste 40 åra, vil... (Resten av innlegget hadde falle ut i avisa)

Slik finn ein Langeidstreet[rediger]

I frå riksveg 9, i fyrste svingen sør for Hækni rasteplass, der går det ein skogsveg ut mot Otra. Vegen, som er stengd med ein kjetting, fører fyrst forbi eit grustak før han svingar nordover langs elva. Det er rundt 800 meter å gå til endes, og der står Langeidstreet lett synleg ned mot elvebreidda. Ein kan også gå direkte gjennom skogen frå rasteplassen, og forbi Hækniøyi. Kortare, men meir ulendt.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelde[rediger]