LH Bygg
LH Bygg var eit byggeselskap som starta opp i 2017, og som etter planen skulle selge elementbygg over heile Sør-Noreg. Hovudkontoret var i Nordre Leir på Evjemoen, like ved Riksveg 9. Sjølve elementproduksjonen skulle skje i Polen. Som eit ledd i oppstartinga av LH Bygg, overtok firmaet selskapet Boligservice på Evje med 22 tilsette. Ove Flåt, opphaveleg frå Evje, var tilsett som dagleg leiar. Tor Henning Ramfjord, tidlegare toppsjef i National Oilwell Warco (NOV) i Kristiansand, var styreleiar. Største eigar, via Leif Hübert AS, var Leif Hübert (48 %). Av lokale folk var Terje Vasland og Martin Røinås inne på eigarsida ved oppstarten.
Verksemda hadde mange store byggeoppdrag i Setesdal, til dømes Valletunet, fleire leilegheitsbygg ved Hovden Fjellstoge, ombygging og utviding av Evje brannstasjon og det nye tannlegekontoret i Evje sentrum.
I byrjinga av desember 2018 blei det kjent at verksemda var konkurs.
Kjelder
- Odd Inge Rønning Uleberg, Hübert satser stort på Evje, artikkel i Fædrelandsvennen 1. februar 2017, side 18
- Ole Birger Lien, 42 mistar jobben etter LH Bygg-konkurs, artikkel i Setesdølen nr. 91, 2018, side 12