Kyrkjeåsen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Kyrkjeåsen er eit lite småbruk (gnr. 56 bnr. 64) og ein tidlegare husmannsplass under Evje prestegard på ei lita høgde like aust for Evje kyrkje. Plassen er skild ut frå gnr. 56 bnr. 5 i 1942. Heimelshavar (2025) er Solveig Marie Lislevand (f. 1929). Fleire bustadhus er oppført her i nyare tid.
Husmannsplass
Iallfall frå folketeljinga i 1865 var det folk i Kyrkjeåsen. Husmannen då heitte Samuel Stillesen. Han var 74 år og enkemann. Son til Samuel, Gunder, sat seinare også ei tid som husmann i Kyrkjeåsen. Etter han igjen heitte husmannen Gunder Torjesen.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemnd, 1990, side 160–161