Kvinen kraftverk
Utsjånad
Kvinen kraftverk ligg inne i fjellet ved Hønevatn i fjellheimen nord-aust i Sirdal kommune. Hegrefossveien går frå Haugen inn til Hønevatn.
Kraftverket nyttar eit fall på 116 meter i Kvina frå Øyarvatn ned til Kvifjorden. Ein tillaupstunnel på meir enn fem kilometer fører vatnet ned til stasjonen. Frå stasjonen til Kvifjorden er det ein over fem kilometer lang utlaupstunnel.
Det er installert ein francisturbin i stasjonen. Maksimal effekt er 80 MW. Produksjonen i eit normalår er ca. 215 GWh.
Kraftverket blei sett i drift i 1981 og er ein del av den store Sira-Kvina-utbygginga. Eigar er Sira-Kvina Kraftselskap.
Kjelder
- NVE sitt temakart om vassdragskonsesjonar
- Norgeskart.no
- Artikkelen om Kvinen kraftverk i Store Norske Leksikon (digitalt), besøkt 4. oktober 2026
- Om Kvinen kraftverk på heimesida til Sira-Kvina Kraftselskap