Hopp til innhald

Kvi

Frå Setesdalswiki

Ei Kvi er ei inngjerding for husdyr, som oftast laga av tregrindar. Det finst også kvier der inngjerdinga er laga av stein.

Buskapen stod som regel ute om natta på støylen. Fjøs var ikkje vanleg. Sauer og geiter stod då innegjerda i ei kvi. Kvia blei flytta rundt på støylsvollen med jamne mellomrom, slik at heile vollen blei gjødsla.

Kjelder