Kvennåna (Moi)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kvennåna er ein bekk på garden Moi i Bygland, på vestsida av Otra. Åna har to utspring oppe i heia vest for Moi. Ei nordre grein kjem frå Krystalltjønna, aust for Søteskar. Høgt oppe i Moisjuvet kjem ei sørleg grein og sluttar seg til Kvennåna. Denne greina kjem frå Søtedalen. Kvennåna renn ut på Moisletta med gardane og innmarka. Først renn ho mot aust, mest ut til Riksveg 9. Men så snur ho mot sør og renn forbi husa i Viki, lengst sør på Moi, og ut i Otra frå vest.

Moi-gardane hadde kvernene sine i Kvennåna, i botnen av Moisjuvet.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...