Kulturveka 2004

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kulturveka 2004 gjekk frå 1. til 10. oktober 2004. Det var den fjerde i rekka av Kulturveka i Valle. Kulturvekekomiteen dette året var Inger Aamli, Per Kristiansen, Tarald Myrum og Leif Kvinlog.

Program[rediger]

I perioden var to kunstutstillingar sett opp i Galleri Matkrone: «Mitt kunstverk», der medlemmer av Bykle og Valle Kunstlag stilte ut. I kafeen i Valle kultursenter stilte «Den kulturelle skulesekken» og Valle skule ut «Bondens landskap - spor etter folk og fe i Aust-Agder», ei utstilling som hadde med mykje frå Valle kommune.

Fredag 1. oktober[rediger]

Laurdag 2. oktober[rediger]

  • Sauesjå. Arrangør: Sauealslaget
  • Basar og matsal. Arrangør: Valle bygdekvinnelag
  • Valle stadion klokka 15:00 Fotballkamp Valle IL - Søgne 2.

Sundag 3. oktober[rediger]

  • Hylestad skule klokka 14:00 Brokkedilten. Arrangør: Valle IL
  • Storstoga klokka 17:00 Barne- og familieframsyning ved eventyrforteljar Tony Valberg, dansegruppa Warning Skills og musikaren Tore Thomassen. Billett kr. 50. Arrangør: Valle folkeakademi
  • Brokke grendehus klokka 19:00 Fotokveld. Gamle foto av Knut Johnson Heddi frå Gardane og Brokkeheia 1890 - 1935. Billett kr. 30. Arrangør: Brokke grendelag og Setesdalsmuseet.

Måndag 4. oktober[rediger]

  • Storstoga klokka 18:00 Popkonsert for born. Arrangør: Syngjandi

Onsdag 6. oktober[rediger]

  • Husfliden frå klokka 18:00 Spitekafe
  • Storstoga klokka 20:00 Konsert med Odd Nordstoga med band. Billettar kr. 200

Torsdag 7. oktober[rediger]

  • Kommunestyresalen klokka 19:00 Presentasjon av talemålsprosjektet. Arrangør: Valle mållag

Fredag 8. oktober[rediger]

  • Nye Sylvkroa: Folkemusikkpub. Arrangør Setesdal spelemannslag
  • Valle kyrkje klokka 20:00 Konsert med Tina Høgevold, Ellen Mordal, Oxana Emmelkamp og Bernard Emmelkamp. Billett kr. 50
  • Kultursenteret: Diskotek og karaoke. Arrangør: Club U

Laurdag 9. oktober[rediger]

  • Vallehalli: Fotballturnering for dei yngste.
  • Valle Motell klokka 22:00 Konsert med Jonas Fjeld og Hilde Heltberg. Billettar kr. 200. Arrangør: Folkeakademiet

Sundag 10. oktober[rediger]

  • Menighetshuset klokka 19:30 Temakveld om Israel ved Ellen Raen. Arrangør: Kyrkjekontoret

Kjelder[rediger]

  • Trykt program for veka