Kristina Grundetjern

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristina GrundetjernSymbol unrelated.svg
Kristina Grundetjørn.jpg
Født: 23. august 1976 (47 år)

Kristina Røynås Grundetjern (fødd 23. august 1976) er frå 1. oktober 2022 prostiprest i Otredal prosti, med sete i Evje og Hornnes. Ho er busett i Vennesla.

Tidlegare har ho mellom anna vore barne- og ungdomsleiar i Vennesla menighet og trusopplærar i Tveit menighet ein dag i uka. Ho har også vore sekretær for prosten i Otredal prosti, og prestevikar i prostiet og gjort teneste i kyrkjelydane i Setesdal ved behov. Frå juni 2020 var ho tilsett som kapellan i Kristiansand domprosti med Randesund sokn som tenestestad.

I 2010 tok Kristina mastergrad ved Universitetet i Agder. Mastergradsoppgåva hennar handla om pilegrimsvandring i Norge i moderne tid: «Veien og målet» - En empirisk analyse av en pilegrimsvandring i dagens Norge. Her behandla ho spesielt pilegrimsvandringane frå Hovden til Røldal.

Kjelder

Eksterne lenker