Kristian Thaule

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian ThauleSymbol confirmed.svg
Født: 25. mai 1999 (25 år)

Kristian Thaule (fødd 25. mai 1999) er frå Valle, og tilsett som lærar ved Valle skule med mastergrad i norsk.

Kristian studerte ved Universitetet i Agder, grunnskulelærarutdanninga. Masteroppgåva handla om talemålsendringar i Valle. Han gjekk på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes, der han var ferdig i 2018. Ved sidan av studia jobba han på Esso Valle og Valle Sport. Han har også vore guide på Setesdalsmuseet. Frå hausten 2023 er han leiar i Valle Mållag.

Tysdag 18. juni 2019 deltok han i Tysdagssending i Valle Radio 20190618 og fortalde om ein tur han gjekk i Setesdal austhei på langs frå Dølemo til Bjåen. Han fylgde Aust-Agder Turistforening si rute.

Kjelder