Konken

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Konken.
Foto: Utlånt av Alf Georg Kjetså

Konken var eit hus i Dåsnes. Det var ein lten kiosk eller kafé der. Bygninga er for lengst borte. Han ville i dag ha vore plassert på vestsida av Dåsnesvegen, om lag ved innkøyringa til Dekkomsetning.

I litteraturen[rediger]

Nils Dåsvatn har skrive om Konken i boka si Barndomsminne frå Hornnesbygda:

«Hundre meter ovenfor landhandelen lå «Konken», ein liten kioskbutikk, der søstrene Mari og Siri styrde. Det var ein artig butikk. Det var særleg gymnasiastar som handla der. Det var kaker, brød, slikkerier, blyantar og kladdebøker og andre småsaker. Søstrene strevde med å halde styr på ungdomar med lite pengar, men med stor frimodighet. Dei fekk ofte lov til å «skrive» for eit visst beløp, under forutsetning av at dei betalde tilbake innen ein viss frist. Blei avtalen brutt, fekk vedkomande ikkje lov til å kome inn. «Du kan vere, men du må gå ut», heitte det. Mari og Siri var ugifte. Dei hadde eit stort hus, og hadde hyblar for gymnasiastar. Dei var spesielle, og det gjekk historiar om ting dei kunne seie eller finne på. Ein kramkar kom på besøk og ville handle med dei. Han tilbaud barbersaker. «Nei, me har ikkje mannfolk i huset», sa Siri. Fyren gjekk, men dei blei litt utrygge. Nå kjem han kanskje igjen i kveld. Siri sprang ut og ropte etter han. «Me he mannfolk hos oss om nettane».»

Kjelder[rediger]