Ketil O. Rygnestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ketil O. Rygnestad
Født: 1870
Død: 1941 (alder 70–71)

Ketil O. Rygnestad (fødd 1870, død 1941) var bonde i Nistog Åmli i Valle. Han var son til Olav Olavsson Rygnestad (Gråmannsonen). Mora var Ingebjørg Kjetilsdotter Lien.

Ketil Rygnestad skal ha vore ein svært dugande bonde. Han dreiv garden opp til å bli eit mønsterbruk. I 1932 fekk han Aust-Agder Landbruksselskaps sølvmedalje for dette arbeidet. Han var også ein særs ivrig skribent, og skreiv mange stykke mellom anna i Agder Tidend. Det var dikt og prosa, kronikkar og avisinnlegg om dei fleste emne.

Rygnestad var lokalpolitikar (Bondepartiet). Han sat i kommunestyret i 36 år. Det skal vere den lengste tida for nokon lokalpolitikar i Valle. På 1930-talet var han den mest framståande lokalpolitikaren i bygda. Han vart med i organisasjonen «Bygdefolkets Krisehjelp» i 1933. Same året gjekk Bygdefolkets Krisehjelp saman med det nystarta partiet Nasjonal Samling om å stille felles valliste til stortingsvalet dette året. Ketil Rygnestad stod då på førsteplassen på denne lista. Men lista fekk få stemmer utanfor Setesdal. Olav M. Holen har gjeve ei grundig utgreiing for Rygnestad sin politiske ståstad i den nye boka sin om Gråmannslekta. May-Brith Ohman har også skrive mykje om han i hovudfagsoppgåva «Trauste menn ved Svorvarnuten. En undersøkelse av årsakene til den store oppslutningen om Nasjonal Samling i Setesdal i årene 1933-1945».

Kjelder[rediger]