Kalveskinnsupsa

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kalveskinnsupsa med restane etter Rv-400.

Kalveskinnsupsa er ei bratt fjellskrent (ups) på austsida av Riksveg 9, ved Vassend, rett sør for Byglandsfjord. Setesdalsbanen passerte Kalveskinnsupsa nede ved breidda av Otra. Bilvegen, Riksveg 400, gjekk meir opp i høgda, mellom jernbanesporet og fjellsida. Då jernbanen blei lagt ned i 1962, blei jernbanesporet brukt til bilveg for sørgåande trafikk. Nordgåande bilar følgde vegen opp i høgda som før. Men problemet med møtande trafikk på den smale vegen blei mindre.

Vinteren 1967–1968 sprengte Vegvesenet bort heile fjellskrenta i ein stor smell. Det var ei av dei største enkeltsalvene Vegvesenet hadde utført fram til då. Dermed blei riksvegen rett som ein strek her, og den gamle og tungvinne traséen for Rv-400 var ein saga blott.

Etter dette laga Vegvesenet også ein rasteplass her, mellom den nye vegen og Otra, der jernbanesporet tidlegare hadde vore. Endå seinare var det vegbom i området i fem år.

Eksterne lenker

Kjelder

Kart

Laster kart...