Kåseri ved 90-årsjubileet til Valle og Hylestad helselag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kåseri ved 90-årsjubileet til Valle og Hylestad helselag vart halde av Leonhard Jansen torsdag 21. april 2016 i soknehuset på Rysstad.

Kåseriet[rediger]

Takk for invitasjonen til 90-årslag. Det er alltid noko imponerande med organisasjonar som har halde på så lenge. Og så tykkjer eg også det er noko spesielt med ein organsisasjon som har vore til nytte for bygda like lenge. Rett nok har oppgåvene forandra seg opp gjennom åra, men framleis er det mange som ser fram til førjolsbesøket på bygdeheimen eller når det vert invitert til temakveldar; sjølvsagt med nyttig informasjon knytta opp til helse og levemåte.

Ting har endra seg veldig gjennom desse 90 åra, og eg må nok seie at det hadde vore gildt og hatt dei gamle møtebøkene når eg i dag skal prøve å få fram noko av det laget har halde på med. Det var under dr. Hovland at laget vart skipa, og datoen var 25. september 1925.

Etter Hovland kom Gert Magne Høye, og i 1939 skildra han helsetilhøva i bygda slik:

Det er påkrevet at hver person får sin egen seng. Det vil hindre meget smitteutbredelse og øke det almindelige velvære. Videre må det sørges for god vannforsyning og godt lys. Springvann i hvert hjem burde for øvrig være overkommelig i en bygd med så mange kilder og opkommer og passelig fall som i Valle.
Springvann og elektrisk lys i hvert hjem vilde befri husmødrene for den strevsomme og unødvendige vannbæring og hjemmene vilde bli så meget renere og triveligere. For å fremme rensligheten er det også all grunn til å ta op den gamle skikk med badstubad. Det er jo badstuer på hver gård i Valle, de brukes bare ikke til å bade i. Kampen mot luseplagen bør fortsettes ved periodiske undersøkelser av skolebarna.
Den metoden har ført frem andre steder og vil også gjøre det i Valle. Derom vidner den allerede stedfunne fremgang. De åpne gjødseldynger, som er utklekningssted for de omtalte fluesvermer i sommertiden, må anbringes i lukkede gjødselkjellere og bestrøes med klorkalk.
Den store barnedødelighet som vi fremdeles finner i Valle, gjør disse nevnte forbedringer enda mer påkrevet. Videre bør innføres effektiv spebarnskontroll.

I 1939 hadde bygda hatt sjukesyster i nokre år. Det var den overordna oppgåva for helselager å skaffe midlar til å løne denne. Hovudorganisasjonen heitte i grunnen Den norske nationalforening mot tuberkulosen, og viser sjølvsagt til det som var det største helseproblemet i tida.

Men det skulle endå gå mest eit tiår før straumen kom til bygda og folk kunne få få innlagt vatn, ja til og med varmt vatn. Ikkje før på 1960-talet begynte folk å byggje bad og toalett. Badestogene i grendene måtte gjere nytta. Men i kommunehuset som stod ferdig i 1958 vart det lagt til rette for offentleg bading kvar laurdag. Karane den eine laurdagen og kvende den andre, så ein kan vel ikkje plent seie at reinhaldet vart overdrive.

Helseråd

Det offentlege begynte å bry seg om førebyggjande helsearbeid tidleg på 1800-talet. Det første som mona noko var tiltak mot koppar. Folk vart vaksinerte, og sjukdomen vart meir eller mindre borte. Så kom «Sundhedskommisionen», eit kommunalt organ som ut på 1900-talet gjekk over til å verte nemnt som helseråd. Den fyrste kommisjonen av dette slaget her i dalen kom i 1831, og grunnen var at det var kolera i landet. Det var om å gjere å vere føre var. Kva gjorde ein då? Jo, ein prøvde å beskytte seg på den måten at ein grov opp store massegraver, slik at når epedimien kom, kunne ein gøyme dei døde under jord og stein. Tanken var då at sjukdomen ikkje skulle få tid til å smitte andre. Heldigvis fekk dei ikkje bruk for den, men elles var det mange slags sjukdomar som vi i dag vil rekne som ufarlege, som tok mange liv. Det er nok å nemne kregda eller kikhoste.

Sunhedscommisjonen dreiv au førebyggjande opplysningsarbeid. T.d. i 1861 vart det halde to møte i kommisjonen, der det vart tala om emne som barnepleie, skabb, årelating og kopping. Fram gjennom åri vart det teke opp mange viktige spursmål: svangerskap, fødsel og barsel, nytta av å ha jordmor, reinhald av hus og klede osb.

Lege til dalen

På den tid hadde det også kome doktar til dalen. Fredrik Christian Leegård kom til Bygland 6. mai 1840. Dette var eit framsteg for helsetenesta i dalen, sjølvsagt fyrst og fremst for byglendingane. Her oppe var det misnøye med at han budde heilt der nede, og ville ha han lenger opp. Dei kravde at doktaren «kunde opholde sig på et beqvemt Sted i Valle Præstegjeld». I 1870 vart det samrøystes vedteke å be amtmannen påleggje doktaren å busetje seg mest mogleg midt i distriktet. Når byklarane au kom med i det reknestykket ville det sei nær Hylestad kyrkje. Lenger enn til Frøysnes kom han nå aldri før dr. Wollebæk vart doktar i Valle i 1915.

Eit stykke i Fædrelandsvennen frå 1880 fortel oss noko korleis det var når smittsame sjukdomar herja:

«Den heroppe i vinter herskende sygdom holder på alt mere og mere at gribe om sig og kreve det ene offer etter det andet. Der går derfor sjelden nogen dag hen uten at vår høitelskede og kjærlighedsfulde provst, hr. Blom, bliver hentet i sognebud snart til Bykle, snart i Valle, ja endog til Hylestad, og da stundom til flere syge på en og samme reise. () Henter man da ikke også legen til de syge? Å jo, men det skjer dog sjeldnere, for legen bor så langt nede i dalen at der minst går 2 à 3 dage for at hente ham, og når han så er nådd fram og har fått greie på sygdommen, går der atter 2 à 3 dage for at hente medicin. I dette lange tidsrom er der da gjerne foregått en forandring med den syke, enten til det bedre eller til det verre, og stundom er nok døden indtrådt innen 5 à 7 dage».
Jordmor

Eit viktig steg framover var då Anlaug Danielsdtr. Jore vart tilsett som jordmor i 1846. Det var rett nok ikkje utan tumultar. 14 gamle mannfolk sendte klagebrev til amtmannen at dette ville dei ikkje vere med å betale på. Amtmannen, eller fylkesmannen som vi kallar han i dag, tilsette Anlaug, og kommunestyret protesterte. Dei måtte bøygje seg, men sendte ny klage i 1850 då dei fann ut at Anlaug tok seg betalt for å hjelpe dei som skulle føde, og det til trass for at ho hadde ei fast løn frå amtet på 9 spd. Men tida forandra seg, og dei gamle kallane tykte kanskje det var mon i at døtre og koner fekk hjelp når dei skulle føde. Det gjekk au den vegen at stadig fleire av dei nyfødde borna overlevde den første krevjande tida.

Då Anlaug gjekk av vart ho innvilga ein pensjon på 48 kr. i året, og kommunestyret tok også kostnaden med å sende den nye jordmora, Inger Haugebirke, på jordmorskulen.

I 1925 vart det altså vedteke å opprette ei foreining tilslutta Nationalforeningen mot tuberkulosen i Valle prestegjeld. Dr. Hovland tykkjest ha vore leiar, og alt fyrste året melde det seg inn 55 medlemer. Det kan sjå ut som helsesystera i Valle vart tilsett i 1931. Då vedtok iallfall heradsstyret samrøystes at heradsskatten som sjukesysteri betala skulle inn i kassa til «sjukehjelparlaget» i Valle prestegjeld. Det ser ut som det var fast sjukesyster/helsesyster i Valle etter dette. Fram til 1959 var det helselaga i Hylestad, Valle og Bykle som betala løna, men det sistnemnde året kom det pålegg frå staten om at kommunane laut tilsetje og løne både sjukepleiar og husmorvikar.

Som nemnt manglar me dei gamle protokollane til helselaget, men det kan sjå ut som om laget då gjekk inn i ein dvaleperiode. Det som hadde vore meininga med heile laget var no ei kommunal oppgåve.

Det hadde og samanheng med at den sjukdomen laget fyrst og fremst skulle arbeide for å få vekk, tuberkulosen eller tæring, også var i ferd med å forsvinne. Dr. Høye har laga ein statistikk, og av alle dødsfall i Valle og Bygland i fyrste del av 1900-talet tykkjest 10-15% skuldast tæring. På bakgrunn av det kan me slå fast at lungetæring kravde prosentvis ein god del fleire dødsfall i Setesdal enn elles i landet. Men det ljosna utover på 30-talet, og dr. Høye skriv: «I perioden 1931-35 synes det å ha foregått en ganske betydelig nedgang i dødelegheten for de som fikk tuberkulose.»

Endra syn

Truleg heng dette også saman med at folks oppfatning av legar og helsestell hadde forandra seg mykje frå 1800-talet. I 1889 les me i doktaren si årsmelding at unge jenter var redde for å oppsøkje doktar, for kom det på bygda kunne det verte vanskeleg å finne seg ektemake. Nokre foreldre tykte det var vanskeleg å plage ungane med medisin, og dei fleste var av den oppfatning at det ikkje hadde noko virkning. Bak det heile lå sjølvsagt også redsla for at det skulle koste mange pengar, og at den sjuke likevel døydde.

Utover på 1900-talet fekk ein etter kvart mange eksempel på at det virka, og etter kvart fekk laget uhovrveleg mange medlemer. I 1937 var det 304 medlemer og hadde auka til 641 i 1950. Det hadde nok au samanheng med at om ein trong hjelp av pleierska, så var det halv pris – 50 øre – om ein var medlem i laget. Årspengane var au 50 øre.

Eg har ikkje funne ut kva rolle helselaget hadde i samband med etableringa av badestoger i åra etter krigen, men truleg var det ei viktig oppgåve. Elles når noko var på gong, er helselaget med: Alt i 1946 var det fyrste venda på tale å byggje gamleheim i Valle. Helselaget sendte brev til heradsstyret i Valle om det, og heradsstyret var så pass interessera at dei peika ut ei nemnd som saman med jordstyret skulle prøve å finne ei grei plassering for bygget.

Ikkje før i 1955 høyrer me noko meir om dette att. Då var distriktslækjaren til stades på eit heradsstyremøte og «gav ei grundig utgreiing om gamlingproblemet der under spørsmålet om aldersheimar (gamleheimar) i kommunane og sjukestovor».

Eit bel såg det ut som det skulle byggjast føde og sjukestoge i staden for gamleheim, men frå 1960 av var det gamleheimen som vart sett fyrst. Staten gjekk med på å feste vekk tuft til bygget på Prestegardens grunn dette året. Det gjekk enno nokre år før byggjearbeidet kom i gang, men i 1973 vart Valle alders- og sjukeheim teken i bruk.

I nokså mange år hadde Bykle au nokre plassar her. Tilbygg var det i 1979, og endå ei ombyggjinga var i 1992. Det vart då mellom anna gjort plass til eit dagsenter. Seinare har det kome ei rekkje omsorgsbustader i tillegg, der folk som greier seg mykje på eiga hand får plass.

Eit sjukebesøk i 1965

Fram til nye doktarhus stod ferdige i 1965, var det og gjerne slik at det var doktaren som måtte reise ut på sjukebesøk. For folk flest, som ikkje hadde bil var det vanskeleg å kome til doktars når det hasta. Frå midt på 1940-talet fanst det drosjebilar, men ikkje alle hadde råd til å leige dei. Dr. Toreid har fortalt korleis eit slikt sjukebesøk kunne vere så seint so i året 1960:

«En tur til Bjåen (73 km x 2) tok meg 17 timer, mot normalt 45 t. på sommerføre. Årsaken var et kraftig mildvær med en ekstra teleløsning i begynnelsen av mars. Jeg startet etter kontortiden en torsdag kl. 15 og kom hjem igjen fredag morgen kl. 8, akkurat tidsnok til å begynne på kontoret. Først kl. 24 fredag kveld kunne jeg gå til sengs, 40 timer etterat jeg hadde stått opp. Av de 17 timer turen tok, var jeg 1½ time hos pas. () og 15½ time på landeveien. På hjemvegen, som måtte kjøres bare i 1. og 2. gear, sank bilen gang på gang ned i «gjørmehull» og ble hengende på understellet med spolende hjul. Så var det å grave unna søle, jekke opp bakhjulene og få lagt under granbar, bordstumper o.a. for å komme løs»

Som nemnt vart Helselaget lagt ned på slutten av 1950-talet, og vart ikkje vekt til live att før i 1970. Nokre av dei gamle medlemene drog det i gang, men det er tydeleg det var stor usemje om kva ein skulle gjere og korleis ein skulle gjere det. Det som var heilt sikkert var at det trongs nye oppgåver å gripe fatt i. Medlemstalet gjekk på ny over 300. Nokre støtta med å betale årspengar, andre var aktive med på laget sine tiltak. Ikkje alt ville vi gjort likeins i dag, som i 1975 når vi les i årsmeldinga at ei prioritert oppgåve var besøk på gamleheimen. Har så med for sal så som blad, tobakk, gotter, nål og trå, sokkar, skrivesaker m.m.

Årsmeldinga frå 1981

Årsmeldinga frå 1981 summerer på mange måtar greitt oppgåver som det er naturleg for helselaget å jobbe med.:

Valle og Hylestad helselag hadde årsmøte torsdag 5. februar 1981 i Soknehuset, Rysstad. Frammøte var heller dårleg. Formannen Ingebjørg Sagneskar Austenå ynskte alle velkomne. Margit O. Nomeland las opp eit andakts stykke. Så vart årsmelding og rekneskap opplese og einstemmig godkjent .
Av årsmeldinga gjekk det fram kva laget driv med. Det er arbeidet for dei eldre i bygda som er lagets hovudoppgåve. Helselaget har og dette året seldt landslotteri, maiblomar og jolemerke. Det har vori samla inn til hjarteaksjonen.
I år har me hatt to pensjonisttreff, dette tiltaket håper me har kome for å verta. Laget har gjeve støtte til fotpleie for eldre og uføre, og det har vori tur for pensjonjstar. Helselaget har og stått for kaffe og matservering under Heimesjukepleiens badedagar i sumarhalvåret. Til jol fekk alle heimebuande over 75 år vitjing av laget med ei blomehelsing. Styret var og på Bygdeheimen til jol med gåve. Helselaget har og ein god del utstyr til utlån for alle i bygda, nyanskaffelse av utstyr har det vorti i år au.
Då valget var unnagjort smaka det godt med kaffe og rundstykker, og folk fekk tid til ein prat over kaffekoppen. Etterpå tok Knut K. Homme oss med på Amerikatur. Han synte ljosbilete og fortalde frå ein gild tur som han ha hatt til Amerika sumaren 1979, der han vitja slektningar og stadane der forfedrene hadde busett seg.
Styret vil til slutt få rette ein hjarteleg takk til alle bygdefolk for god støtte.

Kjelder[rediger]

  • Tilsendt manuskript frå Leonhard Jansen