Juv
Juv var støyl for garden Lunden heilt nord i Valle. På staden står ei støylsbu som er tidfesta til å vere meir enn 600 år gamal, bygd før år 1350. Juv skal vere den einaste støylen frå middelalderen som er bevart i Agder. Eigar er Tor D. Lunden.
Kjelder[rediger]
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, Valle kommune, 1987, side 402
- Johs. Bjørkeli, Dalen med museum på hver gård, artikkel på Fvn.no 7. oktober 2016