Julekrysset Hornnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Julekrysset opna 2. desember 2017.
Julekrysset etter opninga 26. november 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Julekrysset Hornnes er eigedomen og huset til Kjell Rune Strømstad i Kjetsåkrysset Riksveg 9/Fylkesveg 42Hornnes, som kvart år i månadsskiftet november/desember blir pynta med julelys og opna med ein stor fest for publikum. Dei seinare åra har Kjell Rune fått god hjelp med pyntinga av sambuar Ruth Nyhaven. I 2017 kåra VG julehuset til det finaste i Norge. Fædrelandsvennen kåra huset til det finaste på Sørlandet.

Opninga i 2018 var 1. desember 2018, og i 2019 er ho lørdag 30. november 2019.

Historie[rediger]

Det første julehuset 5. desember 2011.
Foto: Geir Daasvatn

Første gong Kjell Rune pynta huset sitt var til jula 2011. Då hang han «bare» opp åtte lysslangar i det svære grantreet på eigedomen, og pynta med ei blå stjerne på toppen.

Under opninga i 2015 senka politiet fartsgrensa på Rv-9 forbi Julekrysset frå 80 km/t til 50 km/t, av omsyn til tryggleiken medan opninga stod på. 500-600 menneske kom for å sjå tenninga av julelysa.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...


Eksterne lenker[rediger]