Jorunn Sørlie Tveiten

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jorunn Sørlie TveitenSymbol unrelated.svg
Jorunn Sørlie Tveiten.jpg
Foto: Asbjørn Renberg
Født: 27. desember 1962 (57 år)

Jorunn Sørlie Tveiten (fødd 27. desember 1962) er arkivleiar i Bygland kommune. Ho var tidlegare leiar for Velkomstsenteret i Valle kommune. Ho er oppvaksen i Valle og gjekk Hornnes vidaregåande skule, der ho tok eksamen på samfunnsfaglinja i 1981. Deretter gjekk ho eit halvt år på musikk og drama på Sørlandets barnehagelærerskole før hun tok utdanning som legesekretær. Deretter gjekk ho på Ål folkehøgskule for døve og vart godkjent teiknspråklærar i 1984.

Ho gifta seg med Rolf Barman-Jenssen i 1988 og flytta til Danmark. Der jobba ho i CTI, som produserte slipeverktøy. I 1992 flytta dei tilbake til Valle og etablerte firmaet der. Ho jobba då på kontoret på CTI.

I 2003 begynte ho i Valle kommune. Fyrst jobba ho på avdeling for plan og utvikling før ho fekk jobben som leiar på Velkomstsenteret. Ho hadde og hatt eit år som vikar på Valle skule.

Jorunn har to born, Sandra og Sylvia. Ho vart skild i 2001, men gifta seg på nytt i 2010 med Anders Sørlie som er busett på Haugland i Hornnes.

I fritida har ho vore aktiv i Valle musikkorps. Ho har vore med i Valle jakt- og fiskelag og tatt kurs i lydighet og agility for hundar. Ho er aktiv med handarbeid og kreative gjeremål.