Jon O. Nomeland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jon O. Nomeland
Født: 20. juli 1890
Død: 11. oktober 1961 (71 år)

Jon Olsson Nomeland (1890-1961) var lærar i Brokke. Han tok til der i 1917, same året som han var ferdig med lærarskulen i Kristiansand. Frå 1942 til han vart pensjonist var Jon O. i Haugen krins. I 1943 fekk Jon O. Nomeland skøyte på bruk nr. 1 på Nomeland. Han var ugift.

Jon O. Nomeland kom tidleg med i politisk arbeid og sat i kommunestyret i mange periodar. Han var ordførar i Hylestad frå 1929 til 1934, sidan kom han att i 1938 og var ordførar til 1941, då Jon T. Rysstad frå NS overtok. Men i 1945 kom Jon O. Nomeland tilbake og var ordførar til 1951, frå 1952 overtok Såvi G. Straume vervet.

Kjelder[rediger]


Forgjenger:
 Torgeir G. Straume 
Ordførar i Hylestad
(1929–1934)
Etterfølger:
 Aani Rysstad 
Forgjenger:
 Aani Rysstad 
Ordførar i Hylestad
(1938–1941)
Etterfølger:
 Jon T. Rysstad 
Forgjenger:
 Jon T. Rysstad 
Ordførar i Hylestad
(1945–1951)
Etterfølger:
 Såvi G. Straume