Sykler til Cuba

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jan Olsen sin VW Transporter som er kjent over heile Sørlandet.
Foto: Sykler til Cuba
Jan Olsen.

Sykler til Cuba er eit hjelpeprosjekt og eit dugnadsprosjekt som har engasjert heile Setesdal og mange andre i «trekanten» Setesdal-Arendal-Kristiansand i å skaffe brukte syklar og anna utstyr som vert sendt til Cuba kvart år. Prosjektet har også bygd eit heilt fotballanlegg i Pueblo Nuevo, og fleire små hus til fattige familiar. Leiar og drivkrafta bak prosjektet er Jan Olsen frå Bygland.

Den første tida stod Jan sjølv for utdelinga av syklane, men i den seinare tid har også cubanarane sjølv delt ut. Etterkvart har også sportsutstyr, skulemateriell, datautstyr, klede og sko stått på lista over det Syklar til Cuba samlar inn. Hausten 2011 var det sendt over 6 000 syklar til Cuba, og i dag er talet endå mykje høgare.

Hjelpeprosjektet er avhengig av å få inn pengar til transport og innkjøp av dekk og deler til syklane. Frakta for ein container ligger på om lag 40.000 kroner. Det vert normalt sendt to containarar til Cuba i året, ofte rundt 500 syklar.

Marlies Mejias er cubansk landslagssyklar, og deltok i OL i London i 2012 og i Rio i 2016. Ho har vore «sponsa» med syklar frå Syklar til Cuba frå første stund.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]